Frukost og middag vert servert laurdag, søndag og måndag i matsalen (turnkassen i Nyehallen). 

Laurdag
Frukost kl. 07.00-10.30
Middag kl. 13.00-17.00

Søndag
Frukost kl. 07.00-10.30
Middag kl. 13.00-17.00

Måndag
Frukost kl. 07.00-10.30
Middag kl. 12.30-16.00

Frukostservering på skular
I år vert det servert frukost på nokre av overnattingsstadane. Dei som bur her må eta frukosten sin på skulen og kan planlegge transporten inn til Vikahaugane deretter.  Dei som bur på andre overnattingsstader et frukost i matsalen på Vikahaugane. 

Desse overnattingsstadane har frukostservering:
- Hystad skule
- Nysæter skule
- Rommetveit skule
- Sagvåg skule
- Tjødnalio skule
- Valvatna FUS barnehage  

Middag mandag
Spelarar og lagleiarar med A-kort kan kjøpe middag om måndagen for 100 kr. per person. 

Kjøpe middag utan A-kort
Spelarane og lagleiarane som ikkje har A-kort kan kjøpe middagar som vert servert i matsalen laurdag-måndag. Prisen er 100 kr per person per middag.   


Me har rekordpåmelding til årets turnering, og me veit at det blir stort trykk på matsalen. Søylane under viser klokkesletta kor me forventar at flest deltakarar vil eta frukost og middag.   

Matallergiar
Det er viktig at ein kryssar av for Gluten-, Laktose- eller Nøtteallergi når ein legg inn deltakarkorta. Dersom det er andre allergiar/omsyn som må takast, kan ein bruke fritekstfeltet under «Annet» på deltakarkort-registreringa. Ta kontakt med oss dersom noko er uklart.