Påmeldingane vert godkjende så snart betalinga er stadfesta mottatt. Merk at klassane har avgrensingar på antall lag og kan bli lukka før fristen for påmelding går ut. Bruk venteliste-funksjonen, så kan ein få plass litt seinare. 

Klassar med få påmeldte lag kan bli slått saman. 

Påmeldingsavgift
6-8 år: 700 kr (1 dag) og 1.000 kr (2 dagar)
9-12 år: 1.600 kr
13-16 år: 1.900 kr

Påmeldingsavgift vert ikkje refundert ved trekking av lag etter 1. april. 

Deltakarkort
A-kort: 1.650 kr
B-kort: 150 kr (6-8 år) og 700 kr (9-16 år)

A-kort er for spelarar og lagleiarar som skal overnatte. Av omsyn til overnattingskapasiteten kan maksimalt to lagleiarar overnatte per lag. Lagleiarar som ikkje skal overnatte treng ikkje deltakarkort.  

B-kort er for spelarar som ikkje skal overnatte.  

Me har diverre ikkje plass til at føresette kan overnatte med laga. 

Om deltakarkorta
Ved kjøp av deltakarkort får ein tilgang til eit svært godt sportsleg tilbod, eit mangfald når det gjeld opplevingar og eit trygt og triveleg opphald. Alle deltakarar som er med på turneringa må ha deltakarkort.

Eit A-kort inneheld turneringsdeltaking, tre overnattingar, frukost lørdag-måndag, niste (smører til frukost) lørdag-måndag, middag lørdag og søndag, transport og fritidsaktivitetar.

Eit B-kort inneheld turneringsdeltaking og fritidsaktivitetar.

Spelarar og lagleiarar med A-kort kan kjøpe middag om måndagen for 100 kr. per person. 
Spelarane og lagleiarane som ikkje har A-kort kan kjøpe middagar som vert servert i matsalen laurdag-måndag. Prisen er 100 kr per person per middag. 

Festivalen kan bli full for overnattingsplassar før påmeldingsfristen er ute og/eller klassane blir fylt opp. Derfor bør ein ikkje vente for lenge med å bestille deltakarkorta.

Ta kontakt med oss dersom du lurer på noko.