Sparebanken Norge løftar konsertopplevinga

Når dørene opnar i nye Ishallen søndag 24. mai klokka 19:00, ligg alt til rette for ein heilt spesiell kveld under årets Rema 1000 Handballfestivalen. Ein time seinare går Tobias Sten på scena framfor fleire tusen festivaldeltakarar – på ei scene tydeleg profilert av Sparebanken Norge. Banken er scenepartner for konserten og bidreg til å løfta totalopplevinga rundt eitt av dei største enkeltarrangementa i festivalen.

Det er imponerande dimensjonar på den nye ishallen

For Stord Handball og Rema 1000 Handballfestivalen betyr samarbeidet mykje.

– Det er utruleg kjekt å oppleva at Sparebanken Norge ønskjer å vera med og skapa slike opplevingar for barn og ungdom i lokalsamfunnet. Tobias Sten-konserten blir eit høgdepunkt under festivalen, og me er svært takksame for støtta og engasjementet dei viser, seier Andreas Bakke i Stord Handball.

Ei ny storstove for regionen

Konserten finn stad i nye Ishallen på Vikahaugane – eit bygg Sparebanken Norge også har vore med og støtta økonomisk gjennom realiseringa av prosjektet.

I tillegg har banken bidratt til delfinansiering av det spesialtilpassa golvet som noe er lagt i hallen i samband med Rema 1000 Handballfestivalen.

Andreas Bakke visar stolt fram det nye golvdekket til Arve Havnerås

Banksjef Arve Havnerås meiner slike prosjekt handlar om langt meir enn berre idrett og arrangement.  

– For oss handlar dette om å bidra til å skapa møteplassar, aktivitet og opplevingar for folk i lokalsamfunnet. Når me ser kva festivalen betyr for barn, ungdom, frivilligheita og heile regionen, er det naturleg for oss å ønskja å vera med på laget, seier Havnerås.

Han peikar også på kor viktig ishallen vil bli for framtida på Stord.

– Stord Ishall er mykje meir enn ein ishall. Dette er ei ny storstove for regionen som kan brukast til idrett, kultur og arrangement året rundt. Det er nettopp slike prosjekt me ønskjer å støtta opp om lokalt.

Sparebanken Norge har over fleire år vore ein sentral bidragsytar til frivilligheit, idrett og lokale prosjekt i Sunnhordland, og banken har tidlegare omtalt Stord Ishall som eit prosjekt som vil skapa aktivitet og gjera området meir attraktivt både for næringsliv og folk flest.

Tobias Sten – frå Stord til heile landet

Det at nettopp Tobias Sten skal stå på scena denne kvelden gir arrangementet ein ekstra lokal dimensjon.

Den 22 år gamle artisten frå Stord har på rekordtid blitt ein av Norges største nye artistar. Med låtar som «Eli», «Heim te ståvo», «Ka visste eg» og «Hånd i hånd» har han sunge seg rett inn i hjartet til publikum over heile landet.

Tobias Sten vann nettopp Spellemannprisen som «Årets Spellemann 2025», og er i dag blant dei mest strømma artistane i Noreg.

For Stord Handball er det ekstra spesielt å kunna samla fleire tusen festivaldeltakarar til konsert med ein artist som kjem frå same lokalmiljø som mange av barna og ungdommane i hallane. Mattis Hauge Bakke (7) er festival-debutant i år og gler seg til alt - men kanskje spesielt til konserten søndag kveld. 

Andreas, Mattis og Arve gler seg til at Tobias Sten skal fylle ishallen

– Tobias er eit fantastisk eksempel på kva som kan veksa fram frå lokalmiljøet vårt. Me ønskjer at festivalen skal handla om meir enn handball – han skal skapa minner, fellesskap og opplevingar som deltakarane tek med seg vidare. Tobias Sten-konserten kjem utan tvil til å bli eit slikt augeblikk, seier Bakke.

Meir enn ei turnering

Rema 1000 Handballfestivalen har vakse kraftig dei siste åra og samlar i 2026 heile 478 lag til Stord gjennom pinsehelga.

Samtidig har festivalen utvikla seg til å bli langt meir enn berre handballkampar. Gjennom konsertar, aktivitetar og sosiale møteplassar ønskjer arrangøren å skapa ei totaloppleving for deltakarar og publikum.

Samarbeidet med Sparebanken Norge rundt Tobias Sten-scena er eit døme på nettopp dette. 

– Me ønskjer å bidra til arrangement som skapar glede, samhald og gode opplevingar for barn og unge. Når frivilligheita og lokalsamfunnet drar i same retning, kan ein få til veldig mykje bra, avsluttar Havnerås.